Når du skal ta i bruk eit fakturaprogram er det viktig at fakturaprogrammet støtter forskjellige måtar å sende ein faktura på. Ingenting er meir kjedeleg en at programmet som du har tatt i bruk ikkje støtter leveringsmåten som kunden krev.

Mange kundar er fornøgd om dei får tilsendt fakturaen som vedlegg på ein e-post. Men fleire og fleire kundar krevjar no å få fakturaen tilsendt på EHF. EHF står for elektronisk handelsformat og er eit elektronisk fakturaformat som nyttast av statlege, kommunale og fleire og fleire private bedriftar for mottak av faktura. Ved å bruke EHF vil fakturaen bli sendt frå fakturaprogrammet ditt og direkte til økonomisystemet til kunden.

I dei fakturaprogramma som har støtte for EHF er dette ikkje vanskeleg å ta i bruk. Som regel er det nok å legge inn eit godkjent organisasjonsnummer, samt fakturadata og så trykke send. Fakturaprogrammet tar seg av resten av prosessen som må til.

Det er ofte ein kostnad for å sende EHF, denne varierer mellom dei forskjellige programma.

Her er dei fakturaprogramma som har støtte for EHF (28/12/2018)