Hei og velkommen til Fakturasystemer.com sin nye side. Sidan januar 2016 har vi hatt bloggen på blogg.no. Me har no bestemt oss for å flytte til eige hus (server). Som eit resultat av flyttinga er det blitt litt endringar i det som er tilgjengeleg på sida. Brukarkommentarane er vekke, nokre artiklar er ikkje tatt med og alle datoar på blogginnleggene er feil.

Bloggen sitt mål har heile tida vært å informera og «overvåka» dei forskjellige fakturaprogramma som er på den norske marknaden.

Det finst mange gode fakturaprogram ute på nettet, og me testar jamleg programma, samt me legg ut artiklar regelmessig om dette. Det finst og nokre program som du bør halda deg unna, desse vil me og informera om.

I 2018 laga me ein stor oversikt over mange av fakturaprogramma som ein finn, og kva funksjonalitet dei har. Me vil oppdatera denne oversikten i løpet av første kvartal av 2019.

Me vil og i løpet av året ta for oss forskjellige «caser» for å sjå korleis dei forskjellige fakturaprogramma taklar dei.

Me sett stor pris på tilbakemelding frå dykk, og er det noko de meinar me bør sjå etter/testa ut i dei forskjellige systema så gje oss gjerne ein lyd i kommentarfeltet under.