Har den siste tida gjort ein grundig test av fakturaprogrammet Visma eAccounting Faktura. Du har muligheita til å teste ut fakturaprogrammet i 14 dagar, etter testperioden aukar månadsprisen til 99,-. Etter registrering og godkjenning av brukaravtalar får du tilgang til systemet.

Fakturasystemet fungerer godt og er raskt og enkelt i bruk. Dei viktigaste innstillingane har du gjort unna når du starta systemet første gang. Har du behov for å endre innstillingar så gjer du det lett frå hovudmenyen. Her finnes mange val som du kan gjera og som er med på å gjera systemet enklare i bruk.

Etter at alle innstillingane er i orden er det oppretting av kunde og varer (begrepet artikler brukast i systemet) som står på planen. Dette går raskt og enkelt. Under varer har du også muligheten for å registrere varebeholdning og innkjøpspris. Dette er to funksjonar som kan være kjekke å ha.

Etter at kundar og varer er oppretta er det på tide å opprette den første fakturaen. Dette går også leikande lett og innan kort tid har eg oppretta og sendt den. Det dette systemet har som eg ikkje har sett på veldig mange andre system er muligheita for å legga til eigne tekstlinjer saman med fakturalinjene. Det kan være nyttig når du f.eks. ønskjer å beskrive meir detaljert om kva varelinjene handlar om. Du har også muligheit for å opprette ordre/tilbud. Dette oppretter du også enkelt, dei har sjølvsagt eigne nummerseriar.

Du kan også hente ut nokre få rapportar. Det er fakturajournal, salgsstatistikk og ubetalte kundefakturaer. Under uthenting kan du sjølvsagt justera forskjellige filterval for å få ut det du treng.

Konklusjon

Visma eAccounting Faktura er ikkje eit veldig avansert system, det har du treng for å kunne fakturere og ikkje så mykje meir. Dersom du kombinerer dette systemet med andre produkt i Vismas produktportefølje så vil du få meir utbytte av det. Men då vil og månadsprisen stige tilsvarande.

Etter å ha brukt systemet ei stund er det fleire funksjonar som eg meine bør væra med og som eg savne. Klarer f.eks. ikkje å finne muligheit for utsending av faktura på EHF, massefaktureringa er godt gjømt og savne muligheita for å kunne hente ut fleire rapportar.

Konklusjonen min blir at systemet er ikkje dårleg, men det gjer deg veldig lite igjen for prisen det kostar. Eg har tidligare anbefalt Cretica Faktura, gratisversjonen av det systemet har meir funksjonar tilgjengeleg enn det Visma eAccounting Faktura har.

Dersom dette systemet kanskje ikkje er noko for deg så finn du ein oversikt over norske fakturaprogram og funksjonalitet her

Informasjon