TimeRabbit er eit nytt webbasert system for timeføring/fakturering. Sjølv om systemet ikkje er eit reint fakturasystem har vi tatt det med i testinga vår.

Systemet kan du teste gratis i 30-dager før du bestemmer deg for å ta det i bruk. Etter denne perioden er kostnaden for fakturadelen av systemet 120,- per bruker, 70,- per bruker for timeføringsdelen.

Første inntrykket av systemet er bra, det er behagelige fargar, flott skrifttype og forholdsvis lett å finne fram. Systemet har veldig lite funksjonalitet på testtidspunktet, og det tar derfor ikkje veldig lang tid å trykke seg igjennom og teste ut heile systemet.

Det er ikkje mulig å opprette eit vareregister i dette systemet. Du vil derfor måtte skrive inn varen kvar gang du skal opprette ein faktura. Dersom du er uheldig å oppretter ein faktura feil, er einaste måten å endre det på å kreditere heile beløpet. Her skulle der vært mulig å kreditere delar av ein faktura.

Når du oppretter ein faktura blir det oppretta PDF av fakturaen. Fakturamalen som er i bruk synst eg er mangelfull og kjedeleg, systemet oppretter heller ikkje PDF i korrekt A4 størrelse.

Det er muligheiter for å kunne hente ned alle fakturaer frå ein bestemt periode. Det er nyttig dersom ein skal sende dette til rekneskapsførar for vidare handsamming.

Det er mulig å ha fleire bedrifter i systemet, utan at du trenger å opprette ny bruker. Du kan også tildele fleire tilsatte tilgang til firmaet (120,- kr per person). Og til ein viss grad styre kva brukaren skal kunne ha tilgang til.

Konklusjon

Både faktura- og timeregistreringa synst eg er veldig mangelfull. Du får eit heilt enkelt system med få muligheiter og lite med innstillingar. Ingen vareregister og få muligheiter for å hente ut rapporter.

I tillegg er det lenker som ikkje fungerer og små feil som dukkar opp. Systemet er heilt nytt på marknaden, og me skal ta ein ny test av det seinare.

Du får andre fakturaprogram som har meir funksjonalitet til lågare kostnad. Enn så lenge er det andre system vi heller anbefaler.

Vi har her en oversikt over fakturaprogram som vi anbefaler.

Informasjon

  • Lenke til nettstad: https://www.timerabbit.no
  • Sikker tilkobling: Ja
  • Jevnlig oppdatert: Ja
  • Laget av: Timerabbit AS
  • Siste sjekket: 27/12/2018