Dette var eit av systema som eg kjente til før eg starta denne gjennomgangen av fakturasystemet. Systemet var litt krunglete å komme i gang med, det var mykje informasjon som måtte fyllast ut før eg kom meg i gang.

Sjølve brukargrensesnittet til systemet er eg ikkje fornøgd med. Det er mange klikkbare tekster rundt i systemet, desse kan være vanskeleg å legga merke til då dei ikkje er utforma som vanlege knappar. Så eg måtte lese litt meir av teksten på skjermen for å kunne bruke systemet skikkeleg.

Konklusjon

Når ein blir kjent med systemet så går det å opprette ein faktura ganske enkelt. Men eg trur ikkje dette er eit system som fungerer for mitt bruk.

At systemet vart utsatt for hacking i fjor er heller ikkje med på å overbevisa meg at dette er eit system som eg vil satse på.

Informasjon

  • Lenke til nettstad: https://www.sendregning.no
  • Sikker tilkobling: Ja
  • Jevnlig oppdatert: Nei
  • Laget av: Unit4 AS
  • Siste sjekket: 27/12/2018