FakturaNett er eit system som eg fann etter litt leiting på Google. Systemet har ein gratisversjon og ein betal versjon. Eg gjekk for gratisversjonen og kort tid etter eg hadde registrert meg var eg klar til å teste ut systemet.

Det første som møtte meg var ei framside og ein meny med mange valg. Det var bla lagt inn ein hurtigmeny som gjorde at eg kom raskt i gang med å opprette kundar, varer og fakturaer.

Det er fleire nyttige funksjonar i systemet, slik som f. eks timeregistrering og eksportering av data til Visma rekneskapsprogram, då dette var funksjoner som ikkje var tilgjengelig i gratis versjonen vart dei ikkje testa.

Systemet har ein muligheit for at rekneskapsførarar skal kunne logge seg inn og hente ut det dei trenger frå din konto, dette er ein nyttig og grei funksjon.

For å få full utbytting av systemet må ein gå for Gull versjonen, til 1485,- i året. Om systemet er verdt denne prisen er eg litt usikker på. Mange funksjonar er tilgjengelig og det er bra, men eg synst at utforminga og brukaropplevelsen av systemet virke litt amatørmessig. Her burde nok utviklarane hyrt inn nokre folk til å ta seg av det kosmetiske.

Konklusjon

Som de fleste andre fakturasystem så dekker dette systemet det du trenger, men eit design som ikkje appellerer til meg gjer at eg ikkje heilt klarer å anbefale dette systemet.

Informasjon

  • Lenke til nettstad: https://www.fakturanett.no
  • Sikker tilkobling: Ja
  • Jevnlig oppdatert: Ja
  • Laget av: Jan Lindvaag
  • Siste sjekket: 27/12/2018