I dag testa eg ut faktureringssystemet Cretica Faktura. Dette systemet som så mange andre system har ein gratis- og ein betalversjon. Der ein får tilgang til meir funksjonalitet om ein betaler litt.

Rett etter at eg hadde registrert meg fekk eg ein melding på e-post. Her måtte eg aktivere meg som brukar i systemet. Etter dette var gjort logga eg meg inn og vart møtt av ein velkomstskjerm som fortalte meg kort om kva eg måtte gjere før eg tok systemet i bruk.

Etter at forskjellige personlige innstillingar og forskjellige utvidingar var aktivert oppretta eg mitt første firma. På velkomstskjermen til det nye firmaet mitt vart eg også ønsket velkommen og det var vist nokre punkt som eg måtte gjennomføre før eg kunne sende min første faktura.

Etter at alle firmainnstillingane var gjennomført var det å opprette kundar og varer som sto for tur. Dette gjekk veldig lett i eit flott og intuitivt grensesnitt. Oppretting og utsending av min første faktura i dette systemet gjekk raskt og var heile tida veldig oversikteleg.

Eg hadde kun tilgang til gratis delen av systemet, men hadde likevel tilgang til mykje funksjonalitet som eg normalt hadde trudd ein skulle måtte betale for.

Her får du mange funksjoner på gratisversjonen, men du får tilgang til endå fleire i betalingsversjonen. 1000,- for eit år med standardversjonen er på ingen måte skremmande.

Konklusjon

Eit veldig bra system som eg likte veldig godt, så langt i testinga er Cretica Faktura det systemet som eg har likt best og som eg føler gjer meg tilgang til mest funksjonalitet.

Informasjon

  • Lenke til nettstad: https://www.cretica.no
  • Sikker tilkobling: Ja
  • Jevnlig oppdatert: Ja
  • Laget av: Systemsmia DA
  • Siste sjekket: 27/12/2018