Conta Faktura er for mange synonymt med fakturasystem på nett. Dei har lang fartstid innan nettbasert fakturering, og eit enkelt søk på Google vil utan tvil returnere mange treff.

For å ta systemet i bruk må du fylle ut eit registreringsskjema, med informasjon om deg og ditt firma. Etter at dette er unnagjort kjem du inn i hovudskjermen til systemet.

Der får du ein oversikt over alle fakturaer som er forfalt. Det er lett å navigera seg rundt i systemet då dei fleste vala er store og tydelege.

Grensesnittet er enkelt å finne fram i. Det å opprette din første faktura går greitt og byr ikkje på dei store problema.

De fleste konkurrentane til Conta tilbyr å kunne forhåndsvise fakturaen i PDF format, dette gjer ikkje Conta, men under opprettinga av fakturaen jobbar du i eit grensesnitt som gjer deg eit inntrykk av korleis utsjånaden blir til slutt.

Når du er ferdig med å opprette fakturaen kan du sende den til kunden på fleire forskjellige måtar. Conta kan ta seg av sendinga av fakturaen for 29,- per faktura.

Systemet leverer ut fleire forskjellige rapportar om du eller regneskapsføraren din måtte ønske det.

Sjølv om all reklame på nettet seie at Conta Faktura er gratis så stemmer ikkje det heilt. Dei fleste funksjonar er gratis, men skal du ha tilgang til heile systemet kostar det deg i underkant av 1300,- året.

Konklusjon

Systemet er heilt greitt, og som dei andre systema eg har testa fungerer dette fint. Det har dei funksjonane du trenger for å opprette og sende ut fakturer raskt.

Grunnen til at «alle» tar dette systemet i bruk trur eg skuldast Conta sin eksponering på f. eks Google. Conta dukkar opp på så mange treff at konkurrentane ikkje slepp til.

Eg seier ikkje at dette er eit dårleg program, men eg meiner det finnes fleire vel så gode men kanskje ikkje fullt så kjente program der ute på nettet.

Informasjon

  • Lenke til nettstad: https://www.conta-faktura.no
  • Sikker tilkobling: Ja
  • Jevnlig oppdatert: Ja
  • Laget av: Conta Systemer AS
  • Siste sjekket: 27/12/2018