Det første systemet som eg testa var Dokus. Systemet har ikkje ein gratis versjon, men tilbyr dei første 30 dagane gratis.

Opprettingen og første innlogging i systemet gjekk uten problem, og eg vart møtt av ein oversiktskjerm.

På denne skjermen hadde eg oversikt over inntekter og utgifter knytt til firmaet mitt. Det var også lenker til dei mest brukte funksjonane i systemet.

Eg lagde raskt min første faktura i ein enkel og oversikteleg fakturaskjerm. Der la eg inn dei opplysningane som eg trengte for å lage min første faktura.

Den ferdige fakturaen vart rask generert og sendt ut til riktig kunde. Å lage ein repeterande faktura var heller ikkje noko problem i dette systemet.

I Debet kan du også legge inn dine eigne bilag, desse kan bli scanna inn og lagra i systemet for seinare nedlastning. Dette var ein grei funksjon synst eg. Ein fann også ein enkel timeføringsdel. Denne var litt enkel, men fungerer heilt ypperleg om du kun har behov får å registrere den slags informasjon for din eigen del.

Kunder vart raskt registrert, dei kunne også bli lagt inn i grupper for å lette jobben med å finne tilbake til dei seinare.

I tillegg kunne eg legge inn heilt enkle firmadetaljer.

Konklusjon

Systemet er heilt greitt, men ikkje noko meir enn det. Har ikkje funnet noen feil eller noko å «ta dei på«, men for månedsprisen på 199,- så forventer eg litt meir funksjonalitet. Bilagsmuligheten og enkelt brukergrensesnitt trekker opp.

Informasjon

  • Lenke til nettstad: https://www.dokus.no
  • Sikker tilkobling: Ja
  • Jevnlig oppdatert: Nei
  • Laget av: Funkybit AS
  • Siste sjekket: 27/12/2018